Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To sikre vårtegn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2016

Dugnad på kyrkjegarden og brannvesenets spyling av plassen mellom Matkroken og Talgø er to sikre vårtegn. Måndag kveld var det nærare 40 personar som deltok i kyrkjegardsdugnaden, og med slikt mannskap var dugnadsarbeidet unnagjort i løpet av eit par timar og kyrkjegarden er «strøken» til konfirmasjonen komande søndag 8. mai.

Det var behov for å rette opp mange gravminner som telen har flytta på. Foto: Jon Olav Ørsal

Oppgåvene vart fordelt  – nokre retta opp gravminner som hadde fått medfart av telen i vinter og det var raka og rydda i blomsterbeda og elles rundt på kyrkjegarden. Etterpå var det sjølvsagt traktering med dugnadskaffe og ein matbit attåt.

Planteflytting_8956

Anders Gjeldnes, Anita Talgø, Terje Nordvik og John Moe flytta unna busker som heldt på å bli for store. Foto: Jon Olav Ørsal

Dugnadskaffe_8962

Dugnadskaffe hører med – etter at dugnaden var ferdig vart det samling rundt bordet for traktering med kaffe og noko å bita i. Foto: Jon Olav Ørsal

Det lokale brannlaget har også tradisjon for å spyle vegg gammel strøsand og anna lort frå plassen mellom butikken og fabrikken, så no er det fint og reint til vi skal arrangere biltog på nasjonaldagen om eit par veker. Brannlaget kombinerer dette med øving i bruk og vedlikehald av utstyret dei disponerer i brannstasjonen som ligg i gamle BP’n smørehall.

Spyling_8976

Det lokale brannlaget spyla rein plassen mellom Matkroken og Talgø, og det vart gullande reint! Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. mai 2016, 19:15