Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To rette og to vrange, eller – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. januar 2018

Laurdag starta Todalen sanitetsforening på ein ny sesong med strikkekaffe. 16-17 strikkeentusiastar sette kvarandre i stemne i sanitetshuset og her knitra det i strikkepinnar og dufta nykoka kaffe.  – Strikkekaffen er kanskje like mykje eit sosialt treffpunkt som det er strikkefagleg, og det viktigaste er da faktisk å treffast og gjera ting i lag vart det sagt.  Men i dag fekk dei ei sak å bryne seg på, for Synnøve Talgø hadde med seg eit par grytelappar som ingen forsto korleis dei skulle strikke – eller kanskje det var hekling?

16-17 deltakarar på årets første strikkekaffe i Sanitetshuet – det er viktigast at vi har den sosiale kontakten, sa Jorunn Ness som var dagens vertinne. Foto: Jon Olav Ørsal

16-17 som deltok på årets første strikkekaffe i Sanitetshuset. Kjenner du alle, eller? Foto: Jon Olav Ørsal

Grytelappane kom frå lotteri på Sunnmøre, og mønsteret snudde ein veg på den eine sida, og andre vegen på andre sida. Men korleis skulle dei få til dette – det var 1000-kronersspørsmålet på dagens strikkekaffe. Og jammen var det samla mykje kompetanse på strikking og hekling denne dagen, men det var ingen som forstå korleis dei skulle få til dette? Kanskje det er nokon av lesarane som kan dette, og som kan formidle eit mønster eller ei forklaring på korleis det skal gjerast? 

Strikking eller hekling – kanskje nokon kan hjelpe til med mønster på slike grutelappar? Foto: Jon Olav Ørsal

Og mønsteret kan vel brukast til meir enn grytelappar dersom dei klarer å løyse denne floken.  Det var faktisk ei som foreslo at dei kunne strikke eller hekle sitteunderlag i ull til kløverturane startar i løpet av februar.  Nokon som har peiling?

Saka er oppdatert…

Det var fleire som responderte på denne saka – først ute var Ingrid R. Talgø som sende oss oppskrift på «rett tveband» som teknikken heiter. Ho hadde funne opplysningar i ei bok  som heiter Tveband av forfattar Margit Bredesen – og vi tillét oss i vise oppskrifta nedafor.

Dordi Ingeborg Finnborud har også respondert – ho skriv at «Gryteklutane trur eg er fletta, slik vi  gjer når vi lagar juletrekorger. Vi strikkar først og så har ulike delar  av strikkinga vorte fletta inn i kvarandre, og til slutt hekla saman.

Nedafor viser vi faksimile av oppskrifta på tveband – saksa frå boka «Tveband» av Margit Bredesen. Oppskrifta er for nåleputer, men blir den same teknikken for gryteklutar.

Publisert: 13. januar 2018, 16:36