Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To rette og to rang i snøfokket

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

Laurdag var det «på’n igjen» med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med Todalen Sanitetsforening som arrangør, og Arndis Søyset og Helen Saksen som vertinner vart det ein triveleg og vellukka strikkekaffe igjen.  På årets første strikkekaffe var det ikkje noko spesielt tema, så det var strikking og sosialt samvær som stod på timeplana for dei rundt 20 frammøtte.

Og praten gjekk lett, og det var nok mykje å prate om no, ettersom siste strikkekaffe var i god tid før jul. Sjølvsagt var det traktering, der vertinnene hadde sørga for mykje godt til kaffen.

Det var rund 20 deltakarar på strikkekaffen sist laurdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Utover etterjulsvinteren er det plana at Saniteten skal arrangere strikkekaffe kvar 3. laurdag fram til sommaren, så dermed er det alt no klart at neste strikkekaffe blir den 9. februar dersom alt går etter plana.

Publisert: 19. januar 2019, 15:54