Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tingvoll G10 – Søya/Todalen G9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. september 2020

Torsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9/10 lag turen til Tingvoll for å spele kamp mot Tingvoll G10. Dette var Søya/Todalen G9/10 siste bortekamp for sesongen. No attstår berre to heimekampar, namleg oppgjeret mot Surnadal G9 på Bordholmen måndag 28.9 og oppgjeret mot Grøa på Søyabanen onsdag 30.9.  

Taktikk-prat før kampen. Foto: Line M. Kvendset

I første omgang kom ikkje bortelaget heilt med i kampen og vart hengande etter i duellane. Dette utnytta heimelaget effektivt og gjekk til pause med ei solid leiing. 

I andre omgang «vakna» bortelaget til og spela seg fram til mange gode sjansar, men ein god heimelagskeeper var ikkje lett å lure, så dei fleste forsøka frå bortelaget gjekk anten på utsida av mål eller vart redda av keeperen. Men Magnar Vikan greidde til slutt å få ballen bak keeperen. Likevel vart det til slutt heimesiger med nokre måls margin. 

Oppvarming før kampen. Foto: Line M. Kvendset

 Trenar Ivar Vikan seier at Tingvoll var det beste laget dei har møtt i serien i år. Han ser klar framgang frå første kampen mot Tingvoll på Søyabanen i august og fram til dagens kamp. Laget kjempar betre som lag og har utvikla samspelet sitt. 

Då er det to heimekampar att før årets sesong går inn i historiebøkene. 

Kampen går mot slutten. Foto: Line M. Kvendset

Søya/Todalen vil og takke Amund Talgø som la til kai att slik at laget vart med ferga dei eigentleg ikkje råkk! Det var god service som gjev ei ekstra stjerne, om ikkje på uniformslua, så i alle fall i form av hederleg omtale her på todalen.no!

Søya/Todalen sitt mål vart scora av Magnar Vikan. 

Søya/Todalen stilte med følgjande lag: Magnar Vikan, Olav Gjeldnes, Erlend S. Polden, Trygve Aleksander Halle, Ailo K. Røen, Anders D. Bruset, Jakob Ranes, Sindre M. Rodal og Jens Sancho Ansnes. 

Publisert: 25. september 2020, 07:00