Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tilbake til røtene i Todalen

Tilbake til røtene i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. juli 2012

Tysdag hadde vi langvegsfarande besøk i redaksjonen. Det var Diane Holbeck Erickson og mannen Will som var på Todalsbesøk for å treffe eventuelle slekningar og vener i Todalen. Dei kjem frå Stanwood, som er ein liten stad med ca 6000 innbyggjarar som ligg mellom Seattle og Vancouver på vestkysten av USA. Bestemora Ellen kom frå Ørsaljelen, og vart gift med Jon Haltbakk.  I emigrasjonprotokollen er ho ført opp saman med sonen Eilert (1911), da dei reiste «over there» med Den Norske Amerikalinje den 19. juli 1917. Eilert er onkel til Diane og var også i Todalen på besøk på 70-talet.

Diane har vore i Norge og Todalen fleire gonger, og da ho var her på 70-talet, minnes ho at ho trefte mellom anna Gunnhild Ørsal, som sette ho inn i vevkunstens mystikk. Elles trefte ho sjølvsagt slekta i Ørsaljelen.

Halla-engelsken til underteikna fall fort gjennom under visitten, men med god støtte frå Olav Kvendset som tolk og kjentmann og litt fingerspråk gikk det da bra. Han hadde saumfare bygdeboka og funne ut at underteikna er firmenning med Diane. Det er det sikkert mange andre todalingar  som er også, utan at dei veit det.

Under Todalsturen denne gongen bodde dei på Todalshytta, og fekk med seg «bailldagen» på tysdag. Eller vart det ein tur innom Gammelfabrikken ved Storfossen, og der vart dei mektig imponert over det flotte anlegget. Vidare stod mellom anna Kårvatn på reiseplana, før dei snur nasen heimover til USA’s vestkyst igjen.

Diane fortel at ho er fast lesar av Todalen.no, og er innom nettsida rett som det er for å sjå og lese nytt frå Todalen. Ho brukar oversettaren i Google, og det går greit tykkjer ho. Vi har hittil i år hatt 1220 besøk frå heile 31 delstatar i USA. Det er vel bevis for at det er todalingar over heile verda som følgjer med oss!

Takk for besøket!

Publisert: 10. juli 2012, 21:19