Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Vindøldalen på finvêrstur

Jon Olav Ørsal Torsdag 8. september 2016

Torsdag gikk stavgangturen til Vindøldalen – ein flott tur i det fine vêret der det først var samling ved bommen for koordinering av transport opp til bommen ved Pebua. Herfrå vart det stavgang innover dalen langs vegen og elva, så langt den enkelte ville.

I det fine vêret var det ein fryd å gå innover den flotte seterdalen, og det er rart å tenkje på at hausten og haustfargane snart gjer sitt inntog og gjer dalen enda vakrare.  Etter turen var det samling og kaffepause ved bommen ved Pebua.

Neste torsdag – 15. september – går turen til Trodalen. meir info kjem etter kvart.

Bildegalleri frå turen til Vindøldalen – alle foto: Sigrun Ørsal

 

Publisert: 8. september 2016, 20:03