Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til Elverhøi på ridestemne

Til Elverhøi på ridestemne

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2013

Siste laurdag og søndag var det stort ridestene på Elverhøi i Sunndal, med Sunndal Rideklubb som arrangør. Med fullada kamera stakk Todalen.no innom for å sjå korleis dette gikk føre seg. Der var det mange flotte hestar og staselege ryttere som dreiv med sprangridning etter nærare fastlagt program. Det var mange klassar, som alle hadde forskjellig program og vanskelegheitsgrad og jammen var vart vi imponert både over hestane og ryttarane.

Sunndal Rideklubb har god over hundre medlemar, og dei stilte med mange dyktige ryttere som gjorde ein respektabel innsats på hesteryggen. Sunndal rideklubb har eit flott anlegg som lig ved sida av vegen ved Elverhøi bru, der det er både stall, ridehus og ridebane. På ridestemnet laurdag og søndag var det deltakarar frå heile Møre og Romsdal, der deltakarmajoriteten nok var frå Molde, Fræna, Skken og Kristiansund. Det er stigande hesteinteresse, og det nye ridehuset i Surnadal indikerer vel at vi kan vente oss større fokus på hestesporten på denne sida av fjorden også etter kvart.

Med kamera på motormodus vardet i hvertfall mange bilder frå ridestemnet. Nokre av dei finn du i galleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. mai 2013, 23:04