Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Thora får sin eigar den 11. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. november 2016

Thore er årets hovudgevinst i lotteriet til Todalen sanitetsforening. No er det innspurt på loddsalet, samtidig som laget promoterer årets julekalender, fortel Kari Kvendset, som er nestleiar i Todalen sanitetsforening.  I dag treffer du Kari på Matkroken Todalen….

thora_6709

Årets hovudgevinst i sanitetslotteriet – dokka Thora med full garderobe. Trekning blir det i ungdomshuset 11. desember. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Thora, som dokka heiter er godt utstyr med ein komplett garderobe, og er ei gåve frå Liv Jorunn Bævre Moe som har strikka og hekla heile garderoben – og til og med ein rykksekk som høyrer til.  11. desember, på eit arrangement i Todalen ungdomshus, er det altså trekkjing, og da får Thora ein heim og ein eigar.  Men enno kan du altså auke vinnarsjansen med å kjøpe fleire lodd!

Publisert: 19. november 2016, 12:30