Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tenning av julegata og lotteri

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 26. november 2022

Todalen bøgdalag inviterer til tenning av julegata utanfor Matkroken Todalen søndag 27. november klokka 18:15. Det blir servert kaffe og pepperkaker. Det blir også lotteri, der ein allereie no kan kjøpe lodd via Vipps 568828. Kvart lodd kostar kroner 20,-. Hugs å skrive namn på loddkjøpar i meldingsfeltet. Trekning søndag kveld, med kunngjering av trekningslista her på Todalen.no. 

Det er ni gevinstar i årets lotteri, og gevinstane er gjevne av:

  • Talgø
  • Todalen bondelag
  • Todalen bøgdalag
  • Todalen historielag
  • Matkroken Todalen
  • Pipelife
  • Hageland
  • Statkraft

Todalen bøgdalag har i år investert i ein del nye lys, som vil bli montert i forkant av julegatetenninga. 

Nissen hadde ikkje tid til å kome i år, men alle ungane får pakke. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 26. november 2022, 06:00