Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ustabilt telefonnett

Elinor Bolme Laurdag 7. februar 2015

Kl 11.30 datt telenornettet i Todalen ut ein snartur. Ser at det i skrivande stund er litt «av og på», men det kraftige uveret som herjar ute kan kanskje spele inn på det.  Skulle nokon ha meir info er det berre å sende oss ein epost eller ei melding via Facebook så vi kan oppdatere.

Problem har også NetCom i sitt nett, der det har vært på same måten, med periodisk kontakt med nettet. Det har også vore problem å kome ut på IP-telefon utover laurdagen. Korleis det er med Telenors fastnett kjenner vi ikkje til.

Det er som kjent varsla om stormen «Ole» frå trøndelag og nordover i dag, og vi er nok litt berørt av denne også i Todalen.

Under er utsikta i Bekkerhagen i dag.

image

Publisert: 7. februar 2015, 12:40