Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tek vare på mattradisjonen på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juni 2020

Todalsdagen har eit godt rennome for maten del sel under Todalsdagen.  Når grillgjengen dreg fram storgrillen blir det litt av kvart av grillmat å få. I år vil nok dette bli litt forenkla, men vi skal vidarefør mykje av dette, seier Laila Kvendset Bergli i matkomiteen, som understrekar at det blir teke hensyn til eventuell smittefare både ved produksjon, salg og servering av grillmaten.

Vi vil sjølvsagt følgje alle instruksar og krav frå både FHI og lokalt smittevern i samband med matsalget som vil forega fra grillområdet ved klubbhuset på Bordholmen.

Menyen er som sagt litt forenkla i år, men vi vil by på god mat med heimlaga dressing og salat frå godkjent kjøkken på Todalshytta:

  • Vårruller- 2 stk med chilisaus 
  • Trailergrill og osteburger med salat og brød

Ta middagen på Bordholmen – god og enkel grillmat.  samtidig er du med og gir eit bidrag til drifta av Todalen Idrettslag og deira aktivitetar.  

 

Publisert: 24. juni 2020, 18:00