Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Teiknebesøk på Oppvekstsenteret

Teiknebesøk på Oppvekstsenteret

Hanne Berit Mikkelsen, Todalen Oppvekstsenter Laurdag 3. november 2012

Fredag 2.november fekk vi på oppvekstsenteret helse på ein heilt spesiell gjest. Gjesten kjenner vi godt frå før gjennom Barne-TV, DVD-ar, spel, og ulike bøker om teikning. Han heiter Øistein Kristiansen, men på skulen seier vi berre  ”Øisteins blyant”. Alle elevane, og dei eldste frå barnehagen, var samla i hallen på skulen. Ut i frå enkle krusedullar og figurar tok han oss, både vaksne og ungar, med på eit heidundranes teikne-show.  Med mykje latter, klapping, og deltaking frå elevane, såg vi det eine dyret etter det andre koma fram frå papir og tusj. Han seier sjølv at han er ”begge-hendt” – og teiknar like godt med venstre som høgre hand.

Øistein har suksess som teikneserieskapar, forfattar, og er mediapersonlegheit, både utanlands og innanlands. Difor følte vi oss ekstra heldige denne fredagen som fikk så artig eit besøk. (Sjølv vaktmeisteren måtte leggja frå seg verkty, og koma og sjå.) Han har elles vore å treffe i Surnadal Sparebank i samband med sparebankveka, og fleire av ungane fekk slik ”dobbel dose” av teikne-inspiratoren. De kan lese meir på heimesida hans: www.oistein.com

Øistein har gleda oss, og vore til stor glede før, og vil heilt sikkert ikkje bli mindre ”bruka” på skulen og i heimane etter dette. Tusen takk for besøket.

Først publisert: 3. november 2012, 11:16 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:51