Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Teatret Vårt søkjer statist, på ca 3 kilo

Elinor Bolme Tysdag 17. februar 2015

Drøymer du om å stå på teaterscena? Om å vere ein del av eit heilprofesjonelt ensemble? Om å debutere framfor kjente og kjære i Surnadal kulturhus? NO har du sjansen – om du er hund.

Teatret Vårt kjem til Surnadal med suksessforestillinga «Det merkelege som hende med hunden den natta» måndag 16. mars – og manglar ein statist. Dei treng ein liten hund som skal spele kvalp. Du må difor ikkje vere meir enn 3 kg.

Dette er ei lita statistrolla, og det vil vere roleg på scena når du skal opptre. Så er du avbalansert og roleg til sinns, vil dette gå svært bra.

Oppdraget blir honorert – og du vil få sjansen til å gjenta suksessen i Sunndal kulturhus.

For nærare opplysningar om stillinga; kontakt Bergliot Rørvik på telefon 997 80 752.

Få ei bok!

Mark Haddon sin roman «Den merkelige hendelsen med hunden den natten» har gjort eit djupt inntrykk på alle som har lese den. Men sia ikkje ALLE har lese den, har Surnadal Kulturhus fått nokre eksemplar med Teatret Vårt som dei gir vidare.

Den får du anten ved å sende ein e-post til kulturhuset, eller ved å sende ei melding på facebooksiden til huset. Og det er dei fem første som melder seg frå Halsa, Rindal eller Surnadal som får boka.

Om det finst ei hake? Ikkje anna enn at Surnadal kulturhus vil høyre med deg i ettertid om du likte boka.

Er du ikkje mellom dei fem raskaste, og boka er lånt ut frå biblioteket ditt, har Notabene Surnadal boka til spesialpris akkurat no.

Publisert: 17. februar 2015, 19:28