Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø overtek drifta på Vinstra

Talgø overtek drifta på Vinstra

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. september 2010

Frå 1. januar overtek Talgø drifta av lageret på Vinstra. Dei vil da auke leigearealet frå 10.000 m2 til å leige heile lageret på ca 20.000 m2, og eit eige Talgø-selskap vil frå same dato drifte lageret. Handelshuset Martinsen flyttar si lagerverksemd til eige lager på Jevnaker. Det nye Talgø-selskapet vil få 15-20 ansattte og får eiga leiing.

Talgøkonsernet har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, og denne trur dei vil fortsette.  Dette har gjort det naudsynt å auke lagerkapasiteten. Talgøbedriftene T-Komponent, MøreTre og Talgø Møbelfabrikk har alle mellom 20 og 40 % omsetningsauke hittil i år. Det nye selskapet vil bli ein sentral og effektiv aktør for distribusjon og logistikk i konsernet, seier konsernsjef Terje Talgø til Todalen.no

Publisert: 14. september 2010, 21:00