Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø kjøper Bindalsbruket

Talgø kjøper Bindalsbruket

Jon Olav Ørsal Fredag 29. april 2011

Onsdag var avtalen med Bindal kommune om overtaking av Bindalsbruket ferdigforhandla og alle detaljane på plass. Torsdag vart avtalen om salg av Bindal kommunes aksjar behandla i kommunestyret, der avtalen einstemmig vart vedteken. Dermed var det klart for signering av avtalen etter kommunestyremøtet som denne gongen vart avvikla i lokalene til Bindalseidet skule. Dermed er formalitetane rundt kjøpet klare, og Talgø Invest AS tek over Bindal kommunes aksjepost på 97,15%. Dei resterande aksjane er eigd av Frithjof Plathe og Einar Bangstad.

Bindalsbruket er på same måte som Talgø ei tradisjonsrik hjørnesteinsbedrift i et lite lokalsamfunn. Gjennom denne avtalen blir no over 200 års fagkunnskap om tre samla, og det er med stor respekt for lokalsamfunnet og med stort engasjement for å lykkast at Talgø no går inn i selskapet. Inner- og ytterdører er hovedprodukta til Bindalsbruket gjennom Trenor dører, og det passar glimrande inn i Talgø sin eksisterande kolleksjon som famnar om både innvendige og utvendige byggvarer.

Arne Rudningen blir dagleg ledar i den nye Talgø-bedrifta i startfasen. Arne har fartstid heilt attende til 1992 i Talgøkonsernet, og kjem no frå stillinga som innkjøpssjef. Han skal lede bedrifta i ei omstillingsfase som er naudsynt.

Publisert: 29. april 2011, 06:00