Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø blir felles varemerke

Talgø blir felles varemerke

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. januar 2011

Fredag samla Talgø-konsernet alle ansatte i Storstua på kulturhuset for å informere om prosessen med omprofilering av bedriftene. Dette gjeld T-Komponent i Rindal, MøreTre i Surnadal, Talgø Møbelfbabrikk i Todalen og den nye bedrifta Talgø Logistikk som driftar lageret på Vinstra. Talgø blir varemerket for alle disse frå D-dagen som er 1. mars, fortel marketingsjef Heid Snekvik i Talgø Invest.

Først var det litt fingermat i foaje, før Karstin Mauset innleia med visesong frå scena i Storstua. Konsernsjef Terje Talgø tok oss vidare med på ein historisk gjennomgang fra starten i 1899 og fram til i dag. Ei eventyrleg utvikling frå ein liten møbelfabrikk ved Storfossen, til eit møbelkonsern med avleggarar i fleire komanar og landsdelar.  Han fortalte at det no er viktig å bli meir tydeleg i marknadsføringa av verksamheita og dette har gjort det naudsynt å samla all verksemda under eit varemerke – Talgø.  Dette har vore ein lang og grundig prosess, med støtte frå Innovasjon Norge, der ein både har gjort grundige marknadsundersøkingar og lytta til eksterne ekspertar på området. Og rådet vi har fått har vore eintydig om satsing på Talgø som varemerke i fortsettinga, sa Talgø.

Marketingsjef Heid Snekvik gikk grundigare til verks og forklarte sammenhengane i bygging av varemerke og prosessen med det, og viste eksempel på korleis dette vil påvirke berdriften, produkta og ansatte. D-dagen er sett til 1. mars, og da skal det meste være på plass med skilting, emballsje, trykksaker, arbeidsklær osv. være på plass. Dette er en omfattande prosess og det vil nok ta litt tid før alt er på plass.

Dei tre byggvarebutikkane til Talgø Invest skal fortette som Byggmakkerbutikkar som før og vil ikkje bli berørt av omprofileringen av Talgøbedriftene. Talgø har Byggmakkerbutikkar i Surnadal, Sunndalsøra og  Bytås på Aspøya i Tingvoll.

Les også kva dei andre nettsidene skriv om dette her: DrivaTidens Krav – Trollheimsporten

Først publisert: 8. januar 2011, 12:25 - Sist oppdatert: 9. januar 2011, 13:15