Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Taktekkjing og ferdigstilling av gapahuken

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

I dag vart dugnadsgjengen samla for å legge torvtak på gapahuken på Tjønnmyra.  I samband med bygging a ny lysløype her vart det sett opp ein stor gapahuk, slik at det skulle være ein plass å kome under tak.  Gapahuken har mange fasilitetar og er nok medverkande årsak til at anlegget er så mykje bruka – både vinter og sommar. 

Per Gjeldnes frå Gjeldnes Maskin sørga for at jord og torv vart løfta opp på taket, og dugnadsjengen jamna jorda utover taket. Det tok berre 2-3 timar for å legge grunnmursplast og torv, så var taket klart.  Til neste sommar er nok taket grønt og fint.  

Dugnadsgjengen sørga for å jamne jorda utover på taket. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt er gapahuken mykje bruka både til vinter- og sommaraktivtetar.  Lysløypetraseen er så jamn og fin at den godt kan anbefalast både til barnevogn og til rullator i tillegg til vanlig trimløype på sommars dag og skiløype på vinters dag.  No i sommar har det vore mange som har nytta seg av rundturen grå Gammelfabrikke, opp Falla og utover lysløypetraseen – og nedover skogsvegen mot Bjøråa og attende til Gammelfabrikken. 

Gapahuken kan også brukes til bursdager og liknande arrangement – det er gratis for medlemar medan andre kan vippse nokre kroner for bruken av fasilitetane på Tjønnmyra.  

Bilder frå gapahuken på Tjønnmyran  – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. august 2020, 18:42