Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takstmann Øyås veks og utvidar staben

Stig Husby Tysdag 25. august 2020
Frå daglig leiar, Nils Håvar Øyås i Takstmann Øyås, får vi melding om at han har ledig stilling som takstmann ute no.

Takstmann Øyås AS har sidan starten i 2014 vorte eit godt etablert takstfirma i regionen med eit godt omdømme. Nils Håvar fortel at dei er sertifiserte for eit bredt spekter av oppdrag, alt frå næringstakst, boligsalgsrapport, skadetaksering, tilstandsvurdering av boliger og næringseiendommer.

Det er no 5 takstmenn i firmaet, og dei har tilsaman over 50 års fartstid i bransjen og brei erfaring innan bygg og eiendom som tømrar, byggmester, prosjektleiar og takstmenn.

Foto: Nathan Lediard

No søkjer Nils Håvar etter ny takstmann til kontoret på Landbrukshuset i Surnadal. Han fortel at det i hovudsak vil vere innan skadetaksering og boligtaksering dei vil styrkje teamet.

Firmaet til Nils Håvar Øyås er inne i ein svært positiv vekstfase, og dei vart i fjor kvalifisert til tittelen gasellebedrift. Det er Dagens Næringsliv som står bak kåringa av gasellebedrifter, og det er strenge krav for å bli nominert. No er dei klare for vidare vekst, og meir informasjon om stillinga finn du ved å klikke på denne lenka!
Først publisert: 25. august 2020, 21:05 - Sist oppdatert: 26. august 2020, 14:30