Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk for egga!!

Elinor Bolme Torsdag 17. mars 2016

I dag har vi fått ein liten rapport frå Todalen skule før påskeferien. Elevane hadde teke seg ein tur til Pestua for å takke for egga som dei har fått på skulen dette skuleåret. Britt Mossing skriv: «Vi likar godt kokte egg og omelett til lunsjmåltidet. Vi fekk sjå korleis egga vart sortert og pakka. Elevane hadde med påskekort og garnkyllingar som no pyntar opp i hønsehuset».

Og at både dei og betjeneinga i hønhuset hadde det triveleg ilag ser ein på alle dei fine bileta Britt har sendt over.

 

Først publisert: 17. mars 2016, 21:04 - Sist oppdatert: 18. mars 2016, 08:27