Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Takk for 11 år i Todalen.no, Ellinor!

Stig Husby Torsdag 2. juli 2020

Torsdag kveld inviterte styret i Todalen.no til ei markering for Ellinor Bolme, som gir seg som redaktør etter 11 år. Ellinor har vore med heilt sidan oppstarten i 2009, og var første styreleiar i Todalen.no. Ho har vore fast innhalds leverandør til nettportalen sidan oppstarten, og vore med på ei rivande utvikling sidan den gong. No kan nettportalen vise til nesten 7 millioner sidevisninger i løpet av eit år, og har over 400.000 besøkande årleg.

Kake og blomster hører sjølvsagt med ved slike høve. Foto: Stig Husby

Det er ganske så imponerande i eit lite bygdesamfunn som Todalen. Ellinor og dei andre redaktørane held liv i Todalen.no gjennom å dekkje både små og store saker frå Todalen. Det var heilt naturleg at markeringa vart lagd til Toåa Tursti og gapahuken ved Båthølen, ein plass og eit prosjekt som betyr svært mykje for Ellinor.  Blautkake og kaffe høyrer med, og det vart mangt eit tilbakeblikk på saker som Ellinor har vore med å dekkje gjennom desse åra. Noko av det som vart hugsa ekstra godt er raset i Todals stranda i 2013, der ein lokal nettportal som Todalen.no verkeleg vart satt på kartet. 
Styreleiar Stig Husby takka på vegne av styret, redaktør kolleger og lesarane Ellinor for vel utført tjeneste, og nye redaktørkrefter kjem nok til å spørre Ellinor om assistanse ved behov framover.

Heile gjengen samla utafor gapahuken ved Båthølen – frå venstre Jon Olav Ørsal, Mari Redalen, Elinor Bolme, Karin Åsbø, Dordi Jorunn Halle og Jo Gjeldnes. Foto: Stig Husby

Publisert: 2. juli 2020, 21:04