Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

T.I.L. – fullt program heile jula

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. desember 2015

Todalen I.L. går ei travel jul med mange aktivitetar i møte. Dei startar alt 3. juledag kl 12, med romjulsmarsjen som første post. her er det start mellom 12 og 15, deretter blir det julerevy med to forestillinga kl 15 og kl 20.   6. juledag (30. desember) er det klart for juletrefest  i ungdomshuset  mellom kl 14 og 16……

På romjulsmarsjen byr trimgruppa på servering av gløgg og kakao, samt Quiz og lotteri – og sjølvsag deltakarmedalje til alle som blir med og tek runden rundt bygda. Vidare er det juleryen «Rikets tilstand» som står for tur – med ei ettermiddagsforestilling kl 15 og hovudforestillinga som startar kl 20. Om kvelden bys det på god mat og drikke – og dans med Jo Sverre Sande & Co. Billettar får du kjøpt på Matkroken.  Onsdag finn du eit programhefte i postkassen din, som fortel om juleaktivitetane – eller du kan laste ned sidene her.

Publisert: 22. desember 2015, 22:33