Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka førebur seg på framtida

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. februar 2016

Auka satsing på innovasjon og fiber er satsingsområde for Svorka når dei skal førebu seg på framtida. – Vi jobbar i ein bransje med ny teknologi og store endringar. Endringane skjer fort, og det vil gje os store utfordingar, seier Halvard Fjellvær som er leiar i Svorka.

Digitaliseringa vil prege vår elektriske kvardag – i 2018 vil alle husstandar i vår region få nye straummålarar, og det vil gje oss nye mulegheiter. Spørsmålet er korleis Svorka skal utnytte desse mulegheitene som gir oss endra føresetnad?  – Kanskje får vi teknologi eller ein app som skiftar straumleverandør automatisk? – Svorka tek dette på alvor, og har styrka innovasjonsarbeidet. Frå 1. februar har Håkon Solvik fått ansvaret for å leie dette arbeidet i Svorka, i ei nyoppretta stilling som innovasjonsdirektør.

Svorka_Skilt_6457

Bygget til Svorka som ligg i Svartvassvegen på Skei. Foto: Jon Olav Ørsal

Svorka vil mellom anna auke satsinga på fiber. Dei næraste åra vil det bli satsa 80 mill. i ny infrastruktur i fibernettet. Som lokal leverandør vil Svorka sørgje for å levere breiband til flest muleg i eigarkommunane Halsa, Rindal og Surnadal, men vil også utvide marknaden mot Orkdal. Det vil sikre vekst dei komande åra, – og det er viktig å gjera denne satsinga no, før det er for seint, seier den nye innovasjonsdirektøren.
– Vi opplever at kravet til breibandskapasitet aukar jamt og trutt. Svorka leverer i dag 100 Mbit/s til alle fiberkundar, og det er eit ettertrakta produkt som det er stor interesse for, seier Solvik, som er sikker på at det er fiber som er framtida.

– Vi vil også i framtida å være ein lokal leverandør som er slagkraftig, og satsar difor på innovasjon og vekst innan fiber som ein viktig del for utviklinga av Svorka, seier Fjeldvær avslutningsvis.

Fakta om Svorka: 

  • Svorka har i dag 5 satsingsområde:  Nett, breiband, straumsal, energiproduksjon og installasjon.
  • Talet på tilsette er 80, men i tillegg er det eit 20-tal som er leid inn til linjerydding og liknande.
  • Talet på kundar er ca 10.000
  • Omsetning  kr 200 mill.
  • Lokale kjøp av varer og tenester: kr 40-50 mill.
  • Lokal sponsing kr 1,0 mill.
  • Direkte verdiskaping eigarar: kr 12 mill.
Publisert: 2. februar 2016, 06:00