Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinvikrunden er no open igjen.

Dordi Jorunn Halle Fredag 5. mai 2017

Fredag kveld melder Stikk UT!-kontakt Norunn Holten at Svinvikrunden er open for vanleg ferdsel igjen. Det var  synfaring i berget ovanfor stien fredag ettermiddag. Da vart ei steinblokk brote laus, ho rasa ned og tok med seg litt av rekkverket. Det er ikkje observert fleire lause steinar eller laus masse i overhenget.

Jo Gjeldnes stod for synfaringa i berget ovanfor raset. Foto: Norunn Holten

Stien er rydda slik at det er godt framkomeleg, men steinane etter raset blir liggjande i stien ei vekes tid i påvente av gravemaskin.

Framleis steinar i stien. Foto: Dordi J H

Når ein ferdast attmed berg/fjell med overheng, er det alltid ein viss fare for steinsprang, minner Norunn Holten om. Dei fleste steinspranga kjem om våren p.g.a. frostsprenging.

Jo fekk fjerna lausmasse i berget ovanfor Gammelvegen. Foto: Norunn Holten.

 

Publisert: 5. mai 2017, 23:40