Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinvikrunden – 1000 registrerte turar

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. juni 2020

Måndagskvelden 22. juni ved dagsrevyslutt var det registrert 1000 Stikk UT!-turar i Svinvikrunden! Registreringa starta 1. mai, så da er det 1000 registrerte turar i løpet av 53 dagar!

Gammelvegen er ei naturperle og ein historisk attraksjon. Foto: Dordi J H

Svinvikrunden er eit svært populært turmål, både i StikkUT!-sesongen og elles i året. Nesten same når ein går denne ruta, møter ein andre som er ute på tur. Så sannsynlegvis er det mange som går runden utan å registrere seg. Ekstra kjekt med Svinvikrunden er at der blir det tidleg bert; i år gjekk det lang tid før mange av Stikk UT!-turane vart opna på grunn av snøforholda. I tillegg er det nokre plassar problem med store bekkar under snøsmelitinga på våren. Fottur til Bjøråskaret er framleis nesten uaktuelt, sjølv om det vart opna for turregistrering 20.juni.

Frå Kammen ser ein ned på vegen rundt om Kammane og ut mot Svinvika. Foto: Dordi J H

På Tjønnmyrane blomstrar myrulla. Foto: Dordi J H

I Surnadal kommune er det flest registrerte turar til Kleiva med nesten 1050, Svinvikrunden har ein klar andreplass. På Tjønnmyran nærmar det seg 500 registrerte turar.

Både Svinvikrunden og Tjønnmyran er fine og familievenlege turar der det ligg godt til rette for både treningsturar og rusleturar med innlagt kaffepause.

Det er godt å gå tur, og rundt i Todalen og i heile kommunen er det kjøle mange fine turruter og turmål. 

Fleire bilete:

Smal og svingete veg – men her gjekk trafikken til og frå Todalen til og med 2001. Foto: Dordi J H

Rikt planteliv og frodig i Svinvikrunden. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 22. juni 2020, 21:18