Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svartelista rynkeroser lever farleg

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. september 2019

Rynkeroser lever farleg no om dagen. Dei er svartelista, og er ein framand art som er fredlaus ute i naturen. Men det har ikkje vore til hinder for at dei har etablert seg rundt om kring i naturen – helst i samband med vassdrag eller kanskje mest langs standlina i sjøen. Tysdag dukka Bygdeservice Øksendal opp med verneutstyr og sprøytemiddel, for å ta knekken på dei lokasjonane som er registrert. Oppdragsgjevar var fylkesmannen i Møre og Romsdal og nærare bestemt miljøavdelinga.

Da vi trefte de to frå Bygdeservice, Ole Magne Bjørnhjell og Alf Jonny Sande, som heldt dei på og rigga seg til for å ta nokre lokasjonar i fjøra – frå bygdanausta og vidare i retning Bordholmen.  Dei to fortalte at det var mest vanleg at rynkeroser spredde seg langs vassdrag og i sjøkanten.  Derfor er det viktig at folk som har rynkeroser i hagen sørger for å brenne dei, eller kaster slik avfall i søppeldunken som restavfall.  Dei slår veldig lett rot, og har ein eventyrleg evne til å spre seg og dei får høve til det. 

Rynkerosa (Rosa rugosa) kjem opprinneleg fra Aust-Asia, og vart innført til Europa tidleg på 1800-tallet for å pryde hagar og stabilisere sanddyner står det i Wikipedia

Her er Alf Jonny Sande i gang med sprøyting av ein forekomst ved bygdenausta. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er ein stor forekomst med rynkeroser ved bygdenausta. No er dei behandla med Roundup og vil nok dø ut etter kvart. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. september 2019, 10:53