Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino opnar igjen… men berre for 30 om gongen

Steinar Hasselø Måndag 11. mai 2020

Kulturhuset vil framleis vere stengt, men det vil, inntil vidare, bli vist film på onsdagar og søndagar. Og sia 17. mai er på søndag, blir det berre vist to filmar på onsdag denne veka.

Det vil berre bli muleg å kjøpe seg unummererte billettar over nett, og alle vil bli tilvist plass når kinosalen opnar. Det er for å vere trygge på at kinogjengarane får sitteplassar i trygg sosial avstand frå kvarandre. Da er det (god) plass til 30 i kinosalen.

Kulturhuset vil alstå framleis vere stengt, så det er berre dei som skal på kino som blir sloppe inn 20-30 minutt før kvar framsyning. Kiosken på kulturhuset er også stengt.

Ingen som kjenner seg (små)sjuke, med t.d. symptom på forkjølelse, skal møte opp. Og kinoen vil ha tilgang til billettbestillingane i to veker etter kjøp (for å hjelpe til ved ev. smittesporing i ettertid).

Når alt dette, samt dei strengare reingjeringsrutinene på huset, blir følgt, er det rekna som trygt nok til endeleg å få dykke inn i det herlege kinomørket igjen. Dessverre har ikkje filmbyråa nye filmar tilgjengeleg denne veka, men det blir. Vi har uansett eit par kvalitetsfilmar på lur til onsdag 13. mai:

Pixar/Disney-filmen «Fremad» (aldersgrense 6 år; kl. 1800) begeistra både publikum og kritikarane da den kom for to månadar sia. Denne animasjonsfilmen treff, etter kva NRK Filmpolitiet skriv, «hjerterota, lattermuskelen og underholdningsnerven». Så det er muleg å få oppfylt tre ønske på ein gong!

Som vaksenfilm går årets desiderte oscarvinnar, nemleg sørkoreanske «Parasitt» (15 år, kl. 2030). Ikkje berre var «Parasitt» den aller første framandspråklege filmen gjennom tidene som vann Oscar som beste film. Den raska også med seg gullpalmen i Cannes. Og for å bruke Filmpolitiet som sanningsvitne igjen: «Den er både en bitende komedie, en spennende thriller, et bittersøtt familiedrama, en urovekkende skrekkfilm, …»

Velkomen tilbake til kinoen!

Publisert: 11. mai 2020, 18:53