Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kino – Biografisk drama og julefilm på programmet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. november 2020

«Mank» er godt mogleg filmen som vil vinne Oscar i år? Filmen handlar om opphavet til det som blir rekna som «verdas beste film», «Citizen Kane» – sjølv om den i si tid berre vann ein Oscar, nemleg for beste manus.

«Mank» er ein amerikansk biografisk dramafilm frå 2020 regisert av David Fincher. Manuset bygger på eit manus som, i si tid vart skrive av David sin avdøydde far, Jack Fincher på 90-talet. Han hadde opprinneleg tenkt å filmatisere dette manuset etter at han hadde fullført «The Game», men han døydde i 2003, før han rakk å realisere dette. 

«Mank» handlar om Mank (Gary Oldman), ein drikkfeldig skribent som fekk tilgang til Randolph Hearst si overdådige verd. Ikkje berre var han skruppellaus og overmåte rik; Randolph Hearst hadde òg ei langvarig affære med den unge skodespelaren Marion Davies, som Mank utnytta brutalt da han skreiv historia om Hearst, forkledd som «Citizen Kane». 

Billett får du kjøpt ved å trykke på lenka «Mank»

Brillebjørn feirar jul

Brillebjørn feirer jul. Foto: Spark/Selmer Media

Johannes skal vere hos bestemor i dagane før jul. Dette er den første jula utan bestefar. Bestefaren var familiens julegeneral. Når Johannes ikkje finn spor frå nissen i nisseverkstaden blir han bekyrma for at det kanskje ikkje blir ei ordentleg jul i år. Kan det verkeleg hende at nissen ikkje kjem? Det kan ikkje Johannes risikere, så han og Brillebjørn gjer alt dei kan for at nissen skal besøke dei på julekvelden. Kanskje blir Johannes den nye julegeneralen òg?

 Billett får du kjøpt ved å trykke på lenka «Brillebjørn feirer jul»

 

Først publisert: 25. november 2020, 08:00 - Sist oppdatert: 24. november 2020, 15:01