Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Golfpark jubilerer

Elinor Bolme Tysdag 26. juli 2016

I august 2016 er det 10 år sidan Surnadal Golfpark offisielt vart åpna, og Surnadal golfklubb har som seg hør og bør planlagt eit jubileumsarrangement for å markere dette. Som ein viktig del av dette er det lagt opp til ei jubileumsturnering laurdag 13. august, men også andre aktiviteter for hele familien på baneområdet. Til kvelds blir det dekket for middag i «maskinlageret» ved golfbanen.

Jubileumsturneringa blir spela som individuell stableford over 18 hull (2 runder a 9 hull), og den er sjølvsagt åpen både for lokale spelarar og gjestespelarar frå andre klubbar. Per i dag er turneringa faktisk fulltegna for dei 44 plassane, med ein spelar på venteliste. Foruten heimeklubbens eigne lokale spelarar, har turneringa påmeldte spelarar frå golfklubbane i Sunndal, Oppdal, Klæbu, Byneset, Smøla, Tingvoll, Kristiansund, Molde og ein spelar frå Norges Golfforbund

Surnadal Golfklubb har sendt oss ein liten presentasjonsfilm på vel 3 minutt med litt meir informasjon om både golfbanen, jubileumsarrangmentet og praktiske detaljar om turneringa.

For enda meir informasjon om klubben og dens aktiviteter kan vi anbefale klubbens heimeside www.surnadal-golfklubb.no

FairwayHull6_juli2014

Fairway hull 6

golf

Eit anerkjent golfanlegg på Mo.

 

 

 

Først publisert: 26. juli 2016, 05:10 - Sist oppdatert: 25. juli 2016, 22:33