Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal AP: Vil ha kjeveortoped igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juli 2019

Valkampen er forlengst komen i gang, og på dagens pressekonferanse med Surnadal Ap var det ønske om å få kjeveortoped til å etablere seg i Surnadal som var hovudtema. To av kandidatane på AP-liste, ordførarkandidat Anett Ranes og listekandidat Odd Arild Sande stilte for å orientere om APs ønske om å få på plass kjeveortoped i Surnadal igjen.

Dei to påpeka at det er så mange som brukar slike tenester i Surnadal kommune at det ville være ein stor økonomisk gevinst i å få ein ortoped til å kome til Surnadal, i staden for at mange born med foreldre må reise til Orkanger eller Kristiansund/Molde i samband med tannregulering.  Det er utruleg mange i vår kommunene som brukar denne tenesta og vi ser for oss store beløp både i tapt i reisekostnader og ikkje minst tapt arbeidsfortjeneste. – Tilsette i private sektor må under slike tilhøve søke permisjon uten løn, medan for eksempel tilsette i kommunen vil ha permisjon med løn og altså belaste kommunebudsjettet.

Det er sjølvsagt ikkje behov for kjeveortoped på heiltid, men vi ser i første omgang for oss eit samarbeid med enten ein privatpraktiserande ortoped, eller å «låne» ein frå fylkeskommunen. Dette vil lett kunne samlokaliserast med tannlegane ved det offentlege tannlegekontoret i Surnadal.  Eit slik opplegg vil alle partar hauste fordelar av og vi ser det slett ikkje som noko komplisert opplegg å få i gang, seier ordførarkandidat Anett ranes til slutt.

Surnadal Arbeidarparti er medlem i Todalen.no.

Publisert: 19. juli 2019, 13:08