Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Styrer med sal av forsikringar og finanstenester frå Nessalofta

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. juni 2016

Synnøve Helland styrer med sitt eige firma for sal av forsikringer og finansteneste frå heimekontoret på Nessalofta. Det har ho gjort dei 3 siste åra, og ho trivst med å arbeide slik.  I tillegg er ho tilsett som rådgjevar i Formueforsikring AS, noko som legg beslag på ein del av arbeidsdagen. Tysdag kveld samla ho ein del av kundane sine på Pakkhuset Pub til investeringsseminar. – Og til pakkhuset kom det foredragshaldarar frå både Eidsvoll, Sverige og Singapore.

Morten falstad_1614

Morten Falstad orinterte mellom anna om formueforsikring. Han kan du nok «risikere» å treffe i Båthølen dei næraste dagane – han hadde med seg fiskestonga til Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Synnøve hadde første sekvens sjølv, der ho orienterte om eiendomsfond og mulegheiter innan fondsinvesteringer, medan Morten Falstad frå Formueforsikring snakka om nettopp formueforsikring og mulegheitene for investeringskonto og rentefond. Falstad er gründer i Formueforsikring, og altså sjefen til Synnøve.

Elles var svensken Steffan becket på banen med sine rådgivingstenester i firmaet Nord Fondskommisjon og til slutt Rune Nilsson som kom direkte frå Singapore for å orientere om mulegheitene for investering i sitt prosjekt for betslingssystemet FlexM. Alt dette er agentur som Synnøve jobber for å selge til sine kunder i tillegg til finansiell rådgjeving, så har behov for slike tenester så er det nok berre å ta kontakt.

Men denne kvelden vart iallfal runda av med spekemat og Synnøves heimelaga potetsalat, – og med finanstenester som samtaletema rundt borda på Pakkhuset utover kvelden.

StaffanBecket_1616

Staffan becket kom frå firmaet Nord Fondskommisjon for å orientere om firmaets rådgjevingstenester. Foto. Jon Olav Ørsal

RuneNilsson_1628

Direkte med fly frå Singapore kom Rune Nilsson og snakka om betalingssystemet FlexM og mulegheitene for lønsam investering i selskapet. Foto. Jon Olav Ørsal

Først publisert: 28. juni 2016, 23:16 - Sist oppdatert: 29. juni 2016, 09:11