Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.

Helen og Arndis som organiserer strikkekaffedagane, fortel at denne laurdagen vil Dordi Husby Fedje vera på plass i Sanitetshuset. Dordi har vore husflidskonsulent og har både mykje erfaring og stor kunnskap om mange ulike typar handarbeid og teknikkar. Ho kan svare på spørsmål og hjelpe til med eventuelle handarbeidsproblem og gi gode råd. Ho vil også vise ein strikketeknikk som heiter «Dominostrikk» – ein artig og enkel måte å strikke på som gir fine effektar. Spennande!

Det blir kaffe med noko attåt!

ALLE ER VELKOMNE TIL STRIKKEKAFFE!

SJÅ HER! Til orientering:

Den planlagde innetrimøkta med Ingrid Kvendset Ulset måndag 4. mars er flytta til måndag 11. mars. Måndag 4. mars blir det Kløvertur som vanleg!

Publisert: 1. mars 2019, 00:14