Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.

Vertinnene denne gongen, Synnøve og Jorunn, opplyser at det denne laurdagen blir ei enkel utlodding. Viss det passar slik, kan ein eventuelt ta med ein liten gevinst – det er heilt frivillig!

Enkel servering.

VEL MØTT TIL FREDRIKKEKAFFE!

 

Publisert: 21. mars 2019, 23:01