Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Støvbrett nr 16 i rekkja – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 4. august 2017

Dagens happening var visning av nytt «Støvbrett» ved Matkroken i Todalen. For å gjera ei lang historie kort så må vi meste fortelje at «Støvbrett» er det same som pickup, og det har sin bakgrunn i at det var tradisjon med å sette utnamn på bilane i gamle dagar.  Den første pickupen (les støvbrettet) som Halsbua hadde, var ein ombygd A-Ford som fikk lasteplan – og dermed såg ut som eit støvbrettet.  I dag kom altså nr 16 i rekkja, og blar du heilt bakerst finn du rekkefølgen for alle saman…

Feira nystøvbrettet med blautkake – frå venstre Per Gjeldnes, Olav Gjeldnes, Terje Nordvik, Leif Egil Tørset, Terje Talgø, John Moe og Torkje A. Moe

Og dermed gikk det gamle «støvbrettet» som var nr 15 over i sin pensjonstilvære og eit nytt vart levert frå Auto 8-8 i Kristiansund.  Det nye støvbrettet som er ein orange Ford Ranger ankom Matkroken kl 16.30 i ettermiddag og var da 1,5 time forsinka etter programmet for feiring av nyanskaffelsen.  For på Matkroken stod det ei stor blautkake med bilde av det orange vidunderet klar i kjølerommet.  Så når «Ny-støvbrettet» gjorde sin entre framfor butikken vart det rigga til langbord for å feire nyanskaffelsen på ein verdig måte.

Marsipankake med bilde av nybilen – alle detaljer må være på plass. Foto: Jon Olav Ørsal

Bilen leveres med vinsje og demonstreres av eigaren privat som mellom anna skal dra fram ved med vinsjen. Foto. Jon Olav Ørsal

Nystøvbrettet – ein amerikansk Ford Ranger med vinsj i fronten. Foto: Jon Olav Ørsal

Her var det demonstrasjon av nybilen som har montert vinsj i fronten og det var sågar høve til ein prøvetur for den som ville. Det var også samanlikning av andre «støvbrett», der ein på ein måte kunne måle litt musklar utan at det vart gjort noko nummer av det. Det nye orange støvbrettet vil i alle fall bli å sjå på vegane med brødkassar på lasteplanet, eller dieselhengaren på slep dei komande åra.

Vi har fått ein oversikt over alle støvbretta i kronologisk rekkjefølgje med Terje N – sjå på lista om du hugsar dem?

Først publisert: 4. august 2017, 19:22 - Sist oppdatert: 5. august 2017, 19:26