Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storveges svær dugnad

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. juni 2017

Tysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.

Dugnadsgjengen. Frå venstre: Anders, Berit, Anita, Jorunn, Alf Inge, Ragnhild, Laila, Lars, Turid, Åse, Lars, John, Maren, Knut, Marit, Torkjel. Foto: Dordi J H

Og rundvask vart det, heile 16 dyktige og effektive vaskarar stilte opp med moppar, moppestavar, gardintrapper, tuer og bøtter, og ikkje minst arbeidslyst. Det vart retteleg velvask av heile huset; gardiner, tak og vegger, skåp og skuffer, bord og stolar, vindu utvendig og innvendig.

Godt med kaffe og kaker. Foto: Dordi J H

Sjølvsagt var det dugnadskaffe, Maren stilte med fersk kringle og nysteikte kanelsnurrar som gjekk ned på høgkant!

Hurformann John var riktig godt fornøgd etter dugnadskvelden – han takka alle for god hjelp og stor innsats!

Retteleg velvask! Foto: Dordi J H

Skikkeleg vask av alt på kjøkkenet. Foto: Dordi J H

Sprossene måtte av før vindua kunne vaskast. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. juni 2017, 22:16