Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stort jubileum på golfbanen i dag

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

I dag arrangerer Surnadal Golfklubb sitt 10 årsjubileum med storstilt golfturnering og åpen dag på golfbanen på Kvanne. Her er over 50 påmeldte spelarar frå både Trøndelag og store deler av Møre og Romsdal til  til turneringa som startar no klokka 11. Turneringa er estimert til å vare i ca 5 timar for dei som er påmeldt der, men publikum er også velkomne til å sjå, og ikkje minst prøve seg sjølv. Klubben har lagt opp til fleire familievenlege aktivitetar på golfbanen denne dagen, så dei håpar mange te ein tur for å være med på jubileet.

Her er det også  åpen «golfkafé» ved klubbhuset heile dagen, der kaffe, brus, vafler, kaker, frukt, pølse med brød står på menyen.  Og gratis is til alle barn som kjem!

Sjå alle påmeldte til turneringa her.

Før turneringsstart (kl 10.30) blir det ein enkel «seremoni» med eit par korte talar ved klubbhuset – med litt tilbakeblikk på de 10 årene sidan banen åpna, samt praktisk informasjon om sjølve turneringa. Etter at turneringen er ferdig blir alle resultatene registrert så snart som mulig, og det blir premieutdeling med mange flotte gavepremier som er gitt frå lokale bedrifter.   Surnadal Sparebank er i tillegg sponsor for hele jubileumsarrangementet.

Publisert: 13. august 2016, 07:56