Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storsvært møte med Edvard Hoem

Dordi Jorunn Halle Onsdag 26. oktober 2016

Kammerset i Kulturhuset var fylt til siste plass da Helene Marie Nergård, leiar i Indre Nordmøre Senioruniversitet, i dag ønskte forfattaren Edvard Hoem velkomen til Surnadal. Ho presenterte han han som ein kunnskapsrik, engasjert, aktuell og produktiv forfattar. Han debuterte alt i 1969, 20 år gammal. Han har skrive lyrikk, teaterstykke, romanar, salmar og biografiar. Gjennombrotet kom med  romanen «Kjærleikens ferjereiser» i 1974.

img_0218

Det var mange som ville møte Edvard Hoem. Foto: Dordi J H

Edvard Hoem er den einaste forfattaren som har skrive ein heil biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, fire bøker med i alt 2700 sider, –  eit kjempearbeid som gjekk over ni år, og bøkene er svært interessante.

Romanen «Mors og fars historie» frå 2005 vart ein stor suksess og er seld i over 100 000 eksemplar. «Både gledeleg og overraskande», kunne han fortelje. «Det er ikkje slik at dei bøkene som får best kritikk og høgast terningkast i avisene, alltid fenger lesarane best.»

img_0226

Edvard Hoem las frå boka «Slåttekar i himmelen» og svara på spørsmål frå publikum. Foto: Dordi J H

Med utgangspunkt i eigen familie har han skrive bøkene «Slåttekar i himmelen» og «Bror din på prærien», og tredje boka «Land ingen kjenner» kjem 25. november. Fjerde og siste boka kjem neste år. Stoffet til desse bøkene har han hatt i tankane i mange år. Utgangspunktet for romanserien er oldefar til Hoem som budde utanfor Molde, og forteljinga startar i 1874. Oldefaren var husmann, levde under harde kår, og han opplevde at tre av sønene emigrerte til Amerika, medan den fjerde, bestefar til Edvard Hoem, vart jordkar hos tanta og onkelen sin i Fræna. I bøkene fortel han om det tøffe valget om å reise frå heim og familie, og han skriv både om livet til dei som vart att i heimlandet og om livet til dei som drog ut. Hoem fortalde om nitidig research både i Romsdal og i Amerika for kunne skrive sant og riktig om miljøet og tida personane hans levde i. Han reiste fleire gonger til Amerika og var mykje borte, til slutt sa far hans følgjande: «Kom heim og ver saman med dei levande, leit ikkje etter dei døde.»

img_0228

Etter foredraget signerte Hoem bøker og samtala med publikum. Her er det Kristian Sæter som får autografen. Kristian går 3. året på vidaregåande skule i Wales og er i ferd med å skrive særemne om temaet religion i bøkene til Hoem. Foto: Dordi J H

Edvard Hoem er ein utruleg god forteljar, og han skriv lett og god nynorsk som det er ei glede å lesa. Under foredraget vart han avbrote av applaus mange gonger, publikum syntest det var storsvært med besøk av Edvard Hoem. Og at mange gler seg til neste bok kjem i handelen, er det ingen tvil om.

img_0231

Møtet i Senioruniversitetet vart avslutta med kaffe, kaker og triveleg prat. Frå venstre Gudrun Bele, Anne-Sissel Ulven Mogstad, Berit Kårvatn og Kirsti Golmen Skei. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 26. oktober 2016, 23:26