Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storrundt frå Brusetmarka og Fossheim

Elinor Bolme Laurdag 4. april 2015

Denne gongen er vi frå Todalen historielag sitt bildearkiv komne til øvre del av Brusetmarka, med Gammelfabrikken, eller Fossheim som den har som stadsnamn, i sentrum.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Toåa bak Fossheim (Gammelfabrikken)

02

Fabrikken på 50-talet.

03

Saga på fabrikken. Nokon som kjenner karane?

04

Tre jenter fotografert frammom fabrikken i finstasen 17.mai. Fremst sit Anne Marie Husby (Holmå), Astrid Kårvand (Sentrala) og bak ei vi ikkje har klart å finne ut kven er. reidun Østvik foreslår at det kanskje er Gunnvor Trudvang.

05

Anders Ulvund Husby frammom Peøya.

06

Trudvang. Villaen vart bygd som husvære for Thora og Tore Talgø. Etterpå kom huset lengst til venstre der pendlarar som arbeidde på fabrikken losjerte. Det var plass til 15 mann der, og dei hadde eiga kokke. Den siste kokka vi veit om var Margit Finnvik. Peøya til høgre i bilde

Publisert: 4. april 2015, 11:00