Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storhaugrunden – 24 stakk ut på fellestur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mai 2015

Søndag arrangerte trimgruppa i Todalen idrettslag fellestur til Storhaugen. Dette for å markere at det har vorte ein ny «Stikk UT-tur» i bygda, nemleg Storhaugrunden. Tjuefire personar i alderen åtte til åtti år var med på turen, alle spreke både i motbakkar og unnabakkar. Leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik, var tursjef. Ho gjekk attast og passa på at alle vart med heilt ned att.

Ivar Helge Kvendset frå trimgruppa var fremst i følgjet, så turleiarane hadde god kontroll! Da vi kom ned i Fosstrøinn, vart det utmerket servering. Lars Kvendset og Ola Bruset grilla pølse, og Trygve Halle serverte kaffe, saft og god sjokoladekake. Takk til trimgruppa for ein riktig så triveleg turdag!

Og så er det berre å halde fram med å «Stikke UT» – det gjer så godt!

Sjå bilda frå StikkUT-turen med trimgruppa sist søndag i bildegalleriet.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 11. mai 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 10. mai 2015, 21:47