Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storfilm med premiere

Steinar Hasselø Onsdag 22. januar 2020

Surnadal kino har sett opp to nye filmar denne helga, og den eine kan bli den store oscarvinnaren i år!  «1917» har, som ein kan lese ut frå årstalet, henta handlinga si frå 1. verdskrig. To unge britiske soldatar blir sendt ut på det som ser ut til å vere eit umulig oppdrag.

«Ti ganger Oscar-nominerte «1917» kommer til å gå rett inn i historien som en av de store antikrigsfilmene.»

«Mesterlig», skriv Dagsavisen, og held fram med: «Ti ganger Oscar-nominerte «1917» kommer til å gå rett inn i historien som en av de store antikrigsfilmene.» Filmen vann Golden Globe nyleg, og det er ofte ein god peikepinn på at den også ligg an til å ta sjølve Oscar. Regissør Sam Mendes har vist før at han taklar dei store oppsetningane ved å stå attom «James Bond»-filmane «Skyfall» og «Spectre». Aldersgrense for «1917»: 15 år.

«Elleville Elfrid», har figurar kjent frå NRK Super

Barnefilmen, «Elleville Elfrid», har figurar kjent frå NRK Super. Elfrid og Henrik er bestevener, men alt endrar seg når ein ny gut flyttar til nærområdet. Aldersgrense: Passar for alle.  Elles går «Bad Boys for life» for siste gong – og det på søndagskvelden. Aldersgrense: 15 år.  Den sterke norske dokumentaren «Selvportrett» går for siste gong torsdag 23. januar (både på dag- og kveldstid). Aldersgrense: 12 år.

Først publisert: 22. januar 2020, 16:19 - Sist oppdatert: 23. januar 2020, 10:49