Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor vassføring – flere lakser…

Stor vassføring – flere lakser…

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juni 2010

Laurdag formiddag var det tendens til flaum i Toåa, men det var ikkje verre enn at laksefiskaran heldt stand i elva. Til tross for vassføring i meste laget var det godt fiske, og det er landa fleire laksar dei siste dagane. Bjørn Arnesen frå Kongsvinger er for veteran å rekne i Toåa. Han har vore her sidan måndag, og har teke 3 fine laksar.
Han fortel at han har fått ein på 9,5 og ein på 6,4 kg tidlegare denne veka. Laurdag formiddag kom den tredje på 6,5 kg i Rauåhølen. Han bur på Bruvollen, og fortel at han har fiske i Toåa dei siste 10 åra, og på spørsmål om han har fått bra med fisk på disse åra, så svarer han «Ja, mye! Men itte skriv det.»
Laurdag ettermiddag vart det også ein fin storlaks på Bjørn Anthony frå Vågland. Ved Djupdalen/Lakssteinen tok han ein fin rugg som fikk vekta til å sprette opp mot ca 9,5 kg.

I skrivande stund (laurdag kl 23.15) er regnet i ferd med å gi seg, og da vil nok elva gå ned utover natta. Dette vil no gje perfekte forhold for laksefiske utover søndagen.

Først publisert: 19. juni 2010, 12:30 - Sist oppdatert: 20. juni 2010, 00:00