Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor kinodag i Surnadal

Steinar Hasselø Fredag 1. november 2019

Den første laurdagen i november er høgtid for kinoane i landet, og ikkje minst for dei som går på kino. For den dagen er det halv billettpris, og Surnadal kino viser fire filmar på «tilbod».

To av dei er mest for den yngre garde: Animasjonsfilmen «Familien Addams» (kl. 11, 6-årsgrense) har premiere 1. november – og det er neppe tilfeldig at premieren kjem omtrent på «Halloween». Men, om ein skal tru NRK Filmpolitiet, er ikkje denne nye «familiefilmen» for skremmande for dei som traska langsmed vegane og lurte på kva reaksjon dei fekk på «knask eller knep» ved neste dørklokke: «Lettbent og mild Addams-oppdatering for en ny generasjon», konkluderer Filmpolitiet.

Det andre tilbodet (og på denne dagen kan ein verkeleg kjøpe to for prisen av ein) er «Operasjon Mumie» (kl. 13, 6-årsgrense). Dette er ei filmatisering av ei bok frå den populære «Detektivbyrå nr. 2»-serien til Jørn Lier Horst. «Briljant barnekrim», skriv Aftenposten.

«Joker» (kl. 15, 15-årsgrense), ein slags forløpar til Batman-filmane, får eit lite, og siste, comeback denne dagen. Absolutt ikkje nokon barnefilm, men veldig god for dei som er nokre hakk eldre enn det – om du har sans for sjangeren.

«Den store kinodagen» blir avslutta med ein sylfersk gammal norsk film. «De dødes tjern» (kl. 1730, 15-årsgrense), er ein klassisk norsk skrekkfilm, men kjem no i ny og moderne utgåve.

 

Du finn heile kinoprogrammet om du går inn på nettsida https://surnadal-kulturhus.no/program/

Publisert: 1. november 2019, 18:29