Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor givarglede, nok ein gong!

Elinor Bolme Søndag 8. oktober 2017

I ettermiddag var det ope hus hos Todalen Sanitetsforening når dei arrangerte årets basar. Og huset vart til tider godt besøkt, av både gamal og ung. Leiar Maren Ansnes rosa bygdefolket som alltid støttar både saniteten og dei andre organisasjonene når loddsalg er promotert. Vi har eit fantastisk bygdesamfunn som støttar oss, konstaterte ho.

Og med vel 35 000 kroner innkommet til foreninga, er det ingen tvil om at ho har rett i det. Her var både tradisjonelt basarbord, i tillegg til eige barnebord og eit dagens bord for dei som tok turen til Saniteteshuset under basaren. 

Jorunn Ørsal og Kari Kvendset var åreansvarlege, og hadde som vanleg ingen problemer med å få solgt unna ein balje med årer. Åse Ville Redalen kjøper lett både to og tre rundar.

Og det gjorde alle dei frammøtte også.

Liv Larsen, Karen Johanne Talgø og Sigrun Ørsal hadde kustusen i kjøkkenavdelinga, der all mat og drikke var gratis.

Store og små kosa seg i lag.

Her er trekningslistene:Trekningsliste Hovudbord, Dagens bord og Barnebord Basar 8.oktober 2017

Publisert: 8. oktober 2017, 21:58