Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor aktivitet på Vang skiarena

Elinor Bolme Laurdag 28. desember 2019

IL Søya har dei seinare åra rusta opp både løypenettet og nærområdet på Vang skiarena. Dei har bruka mykje dugnadsinnsats til å tilrettelegge lysløype, gapahuk, akebakke og den populære Strengentraséen. Kvaliteten på løypenettet har gjort at området har vorte eit ynda turmål, både fra nært og fjern. Dette gjer at dei no bruker mykje ressursar på oppkjøring av løypenettet, både i form av frivillig innsats og økonomiske utgifter i form av ei aldrande tråkkemaskin.

Strengentraséen er eit fantastisk turområde med ei heilt unik utsikt. Men traséen til toppen av Strengen er også krevande for sjåførar og dagens tråkkemaskin, derfor er det no nødvendig med ei oppgradering med ny og betre maskin.

Kronerulling for ny og betre tråkkemaskin

Idrettslaget har arbeidd med investering av ny tråkkemaskin i flere år no. Det er sett av midlar fra tidligere års overskudd og det er samla inn fra sponsorer. No mangler dei ca kr 400.000 for å kjøpe en egna tråkkemaskin til dette området, og har dermed starta ein innsamlingsaksjon gjennom Lokalverdi.no for å snarast komme i mål. Seinast i går gjekk dagens maskin ned for telling under tråkking av løypene til helga. Denne held dessverre ikke mål lenger og må oppgraderast for å klare dei ulike terrenga i løypenettet.

Makinførar Peder Saltrø hadde tekniske problem på morgonkvisten i går, men fikk reparert sik at løypene vart nypreppa for besøkende utover dagen.

Lysløypa

Lysløypa er eitt av tilboda på Vang. Hovedaktiviteten her er i hovudsak knytt til barn i løypa, sonerenn og klubbrenn. Då med stor aktivitet. Hovedmålet til idrettslaget er at løypene skal vera nypreparert i samband med desse arrangementa. Sidan det er betydeleg bruk av løypene utanom desse arrangementa også, så prøver mannskapet å få preparert løypene ca 2-3 gonger til i veka om veret tillet det. Når det er nok snø blir 5 km løypa sporadisk preparert saman med løypene ned til Stangvika. 

Med eit skispor heilt til Stangvika er det forståeleg at mange tek turen enten dei eine eller andre vegen. Dette har resultert til StikkUt Ski på Øygardshalsen og Klåberget. Foto Marit Haugen

Strengentraséen

Strengentraséen er ein av den nyare delen av Søya sitt anlegg som utruleg mange har teke i bruk, sommar og vinter. I vintersesongen er den oppkjørt med skispor som går gjennom eit fint og variert landskap, med ei nydeleg utsikt i nesten alle himmelretningar under heile turen. Turen kan brukast begge vegar og på den måten gje svært ulike turopplevingar. Det er fleire fine rasteplassar under vegs som er fine å stoppe ved. 

Ein annan StikkUt tur på Ski er Klåberget, ovanfor Vang, i retning Strengen.  Oppkjøyrt løypenett i grønt.

 

StikkUt Ski på Klåberget. Foto IL Søya.

IL Søya har derfor intensivert sin jobb med å få finansiert den nye tråkkemaskina. Det er ulike måter å bidra på: Via Lokalverdi.no for ny tråkkemaskin kor det no er innkomne snart 40 000 kroner av 400 000 kr.  Eller generell løypestøtte for ein tur eller ein sesong som vist i bildet under.

Les meir om innsamlinga via Lokalverdi.no her: Strengentrasé og tråkkemaskin

Først publisert: 28. desember 2019, 10:00 - Sist oppdatert: 27. desember 2019, 19:26