Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor aktivitet for både store og små

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. januar 2021

Da vi var innom på Bordholmen no på tidleg ettermiddag var det full aktivitet på og rundt skeiseisen på Bordholmen. Både store og små kosa seg på skeiseisen. Ved klubbhuset var det fyrt opp i bålpanna, og her var det ferdiggrilla pølser for den som ville ha, eller berre rett og slett stå der ei lita stund for å få i seg varmen. 

Mange hadde møtt opp for å gå på skeiser. Foto: B G Ansnes

Det er Banre- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som har ansvaret for å preparere skelseisen på Bordholmen. Dei tek sikte på å halde isen i tipp topp stand no framover, så dei oppfordrar, både store og små, til å ta turen. På Bordholmen er det mogleg å låne skeiser og hjelm, om ein ikkje har dette sjølv. Det er skeiser i stort sett alle størrelsar. Hjelmane er stort sett for dei minste, så dei som er større og vaksne blir oppfordra om å ta med eigne hjelmar. 

Ishockey er moro for både store og små. Foto: B G Ansnes

Når det er vaksne til stades vil det bli fyrt opp i bålpanna og høve til å grille pølser. 

Publisert: 2. januar 2021, 15:12