Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT!-sesongen er over – årets siste gåvekortvinnar!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 2. november 2016

Norunn Holten, Stikk UT!-kontakt i Surnadal kommune, melder:

«Årets siste Stikk UT!-vinnar er trekt. Vinnar for oktober vart Gudmund Olver Svendsli, Surna, som sikra seg månadens gåvekort med ein tur til Hysåsen på Frei! Vi gratulerer den heldige vinnaren!

Alle personar som har registrerer seg på Stikk UT!-sida med bustadadresse i Surnadal kommune har vore med på dei seks trekningane som har vore gjennomført i løpet av Stikk UT!-sesongen. Vi ønskjer alle glade «Stikk UT!-arar» velkomne tilbake til ny dyst neste år!
Tidlegare vinnarar: Roger Sæter, Eunkyong Youn, Karin Sunde, Britt Mossing, Sissel Gravvold.
Du kan registrere turane dine på stikkut.no fram til 8. november. Dette er også fristen for å bestille årets Stikk UT!-premiar. Vi minner om at alle vaksne må ha vore på minst sju Stikk UT!-mål for å få kjøpe premiane.»

img_6999

Artikkelforfattaren var på toppen av Hysåsen i august, men har ikkje bilete av utsikten frå toppen, da det var minst ein million flygemaur som sverma oppå der og to hoggormar i lyngen! Foto Dordi J H

I alt ni kommunar på Nordmøre er med i Stikk UT!-opplegget som ser ut til å vere eit svært så vellukka tiltak for å inspirere til turar i skog og mark. Aktiviteten lokalt i Surnadal kommune har vore stor. Svinvikrunden har hatt flest besøk med i alt 1219 registreringar på nett, og i boka er det notert vel 3000 namn! Det er imponerande når Stikk UT!-målet er heilt i utkanten av Stikk UT!-kartet.

img_7676

Det er alltid fint å gå oppå Storhaugen. Det er ny trimbok for Todalen il der no. Idrettslaget har sesong heile året. Foto: Dordi J H

Kleiva, med 1086 registrerte turar, er ein god nummer to her i kommunen. I nærmiljøet vårt, utanom Svinvikrunden, så er det registrert 514 turar på Strengen, 174 turar på Ytter Sulå og 498 turar til Storhaugen. I boka på Storhaugen er det notert vel 1000 namn frå 1. mai og ut oktober, altså om trent det dobbelte av det som er registrert på nett. Det viser at det er svært mange som sett pris på Stikk UT!-opplegget med gode turbeskivelsar, merka stiar og parkeringsplassar.

Samla for dei tolv Stikk UT!-postane i Surnadal kommune er det registrert 6765 turar. Det betyr stor trimaktivitet og er nok godt for folkehelsa.

57 personar har registrert namnet sitt på alle dei tolv Stikk UT!-måla i Surnadal kommune. Reidar Bele har vore på alle tolv plassane og har heile 113 registrerte turar i kommunen. Slett ikkje verst!

Sjølv om det no er pause med registrering på nett, ligg bøkene i postkassane så det er berre å halde fram med trimturane!

img_7686

Her er det bilete frå ein tur til Kleppen i Folkeparken på Gomalandet i Kristiansund. Ein fin og lett trimtur ute i «havgapet». Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 2. november 2016, 22:16