Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stem på Årets bilete 2016

Ole Petter Talgø Måndag 16. januar 2017

Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2016. No er det straks sju år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og sju og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2600 bilete.

Dagens bilete er eit av dei mest populære innslaga på Todalen.no, noko vi tykkjer er stas då det er noko alle våre lesarar bidreg med. Vi er heilt avhengige av å få inn bilete til dette, og er glade for å kunne trekke fram nokre av dei vi tykkjer er dei beste kvar månad og gjere litt ekstra stas på dei.

Blant desse som allerede har vunne månadens bilete, skal vi no altså stemma fram vinnaren av det beste biletet frå heile 2016. Vi er imponert over bidraga som har kome inn, så her blir det ikkje lett å finne sin favoritt!

Kandidatane er lista opp etter månad nedanfor, og du kan som vanleg stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til 22. januar (ei veke). Trykk på bileta for å sjå full storleik. Gå nederst på sida for å stemme.

Romjulsmorgon

Vinnar av månadens bilete i januar.

Vinterstemning

Vinnar av månadens bilete i februar.

Fagert er landet

Vinnar av månadens bilete i mars.

Vårkveld

Vinnar av månadens bilete i april.

Maikveld på kyrkjegarden

Vinnar av månadens bilete i mai.

Overnatting på Sultoppen

Vinnar av månadens bilete i juni.

Fullmåne i Vassdalen

Vinnar av månadens bilete i juli.

Sommarkveld på fjorden

Vinnar av månadens bilete i august.

Fin septemberdag

Vinnar av månadens bilete i september.

Todalen by air

Vinnar av månadens bilete i oktober.

Storfjellet sitt lekeland

Vinnar av månadens bilete i november.

Blåtimen

Loading ... Loading ...
Publisert: 16. januar 2017, 07:00