Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangtur på Ranes – trossa regnvêret.

Vidar Sogge Fredag 19. juni 2015

Torsdag 18. juni møttest Stavganggruppa ved Låna på Ranes. Vêrvarslinga yr har svikta oss denne dagen, for sjølv om dei melde opphaldsvêr og delvis sol i 1–2-tida, så regnar det heile dagen.  Men  trass i regnet: ut på tur ber det! Nokre få startar med ein avstikkar opp i Åsen før dei tek ein runde ned til elva, resten går direkte ned til elva. Etter eit stykke langs elvebreidda, svingar vi opp til Ranes kyrkje og går gammelvegen attende til Låna.

Her serverer vertinna Anne Marie, godt hjelpa av Bjørg,  bakels med sønndalsgraut og molte. Vi storkosar oss der vi sit rundt borda – og alle får sitteplass under tak i ly for regnet! Godt gjort med så mange! Medan vi kosar oss med maten, fortel Sven om Låna. Fram til ca 1770 var det , etter det Hans Hyldbakk skriv, 2 gardar på Ranes, ått av kyrkja og staten. Presten Søren Hagerup i Stangvik, fekk med hjelp frå kyrkjeleg og statleg øvrigheit i Trondheim slege til seg gardane og bøkselmennene oppsagt, for å slå seg ned der som pensjnist. I ca 1780 bygde han stuåhus på garden. H.H. skriv dette kunne vera det første to-etasjes huset i bygda, ei lån, og Låna vart etter kvart namnet på garden.

Ytre delen av husa vart seinare riven og bygd oppatt på garden eit par hundre meter lengre aust, og fekk namnet Storstua. Namnet av di denne delen hadde vore storstua i låna til Hagerup. I 1860 bygde Lars på husa att så dei vart like lange som opprinneleg, men no til kårleilighet. Stuehusa i Låna er freda. Etter restaurering i 1988, etter rettleiing av fylkeskonservatoren, er husa no så nær opp til det opprinnelege som muleg.

Kårfolka, Anne Marie og Sven, framanfor sørsida av huset, slik det såg ut opprinneleg. Foto: Vidar Sogge

Mange takk til Anne Marie og Sven som inviterte oss til ”gards”,  ordna med sitteplass under tak for alle 38 deltakarane, og som til slutt baud oss på graut og bakels. Takk òg til Bjørg og Per, som hjelpte til med arrangementet og som spanderte sjølvplukka molte, og til Sven, som fortalde historia til Låna.

– Neste torsdag legg vi turen til Honnstadvatnet. Vi svingar av riksvegen på Honnstad, der ein person viser kvar du skal køyra, parkerer bilane og går opp til vatnet. Den som vil, kan fortsetta heilt til Soggnebba.

Bildeglimt frå stavgangturen til Ranes – foto: Vidar Sogge

Publisert: 19. juni 2015, 17:41