Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarar til Storlidalen og Tovatna

Vidar Sogge Fredag 14. august 2015

Torsdag den 13. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Koia, hytta til Olina Halle ved Tovatna i Storlidalen. Vi startar frå kulturhuset på Skei, og i strålande sol med Sverre Kjølstad ved rattet ber det mot Kvenna og over fjorden, og om ikkje lenge er vi på rasteplassen på Gjøra der vi tek ein kafferast. På Lønset stig Harald Storli på minibussen, og på heile turen fram til hytta fortel han interessante historier og om alt vi ser.

På hytta blir vi godt mottekne av Olina Halle, Brit Nordvik og Bjørg og Per Bruset, som hadde reist opp kvelden før for å laga i stand til måltidene våre. Etter middagen blir det tid til ein tur ned til demninga, før det ber opp att til eit nytt måltid, denne gongen med kaffe og kaker. Etter ein ny kaffepause ved Granasjøen på Nerskogen, går heimturen vidare om Vålåskaret og ned Romundstadbygda. Vi kjem til Skei litt før åtte, og på heile turen har vi hatt det same fine vêret.

Takk for turen alle saman, og ein spesiell takk til vertinna, Olina Halle, som har lagt ned eit kjempearbeid for at vi stavgangarane skulle få oppleva denne fine dagen ved Tovatna. Stor takk òg til dei tre gode hjelparane hennar: Brit Nordvik saman med Bjørg og Per Bruset, og til kjentmannen Harald Storli. Utan hans guiding innover Storlidalen hadde ikkje turen vorte den same. Takk til Sverre Kjølstad som losa oss trygt fram heile dagen. Til slutt vil eg takka ordføraren vår, Lilly Gunn Nyheim, for at ho ville bli med på turen. Det viste seg at ho fungerte godt både som guide og humørspreiar. Tusen takk, Lilly Gunn!

Neste torsdag møtest Stavganggruppa ved Gråhaugen Fjellstue, parkerer bilane og går vidare innover dalen til enden på vegen. Matpause ved Fjellstua. Fotty: joggesko. Ta med sitteunderlag!

Det vart mange bilder frå turen til Tovatna – her har vi lagt ut eit stort bildegalleri.  Alle foto: Vidar Sogge

 

 

Publisert: 14. august 2015, 19:11