Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane til Todalen og Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 1. oktober 2020

I strålande haustvêr innleia Stavgangarane i Surnadal Pensjonistlag oktober med stavganging i Todalen og Toåa tursti. Dei har gjennom sesongen mange forskjellege turmål og ikkje minst varierande lengde på turane sine. Sist veke var dei t.d. i Vindøladalen. Dagens tur er av dei kortare turane til stavgangarane, men det la ingen dempar på stemninga. I tillegg til 32 stavgangarar var og ein klasse med 11 elevar frå 1.året på Helse og Oppvekstlina samt 2 lærarar frå Surnadal Vidaregåande skule med på dagens tur. 

Oppmøte var i dag på Bordholmen stadion. Turen gjekk frå Bordholmen til Halset brua der dei tok av og oppover Toåa tursti. Dei aller fleste tok turen opp til Bønnavollan der dei snudde. På returen vart det ein stopp i gapahuken ved Båthølen før turen fortsette via gapahuken i Gunnøya og ned til Halset brua att. Derifrå gjekk turen attende til Bordholmen.  

Ingeborg Myrvang (t.v.) lærar ved Helse og Oppvekstlina og Ildri S. Øyen. Foto Wenche Ø. Kvendset

På Bordholmen var det tid for ein matbit og kaffe. Praten gjekk rundt borda, og alle var samde i at det hadde vore ein fin stavgangardag i ein fin tursti og strålande vêr. Etter kvart tok stavgangarane på heimveg for å førebu seg til neste vekes stavgangartur som går til Kvenndalen. Det blir siste stavgang denne sesongen og dette vil bli skikkeleg markert under turen til Kvenndalen. 

Nedanfor finn du nokre fleire bilete frå dagens stavgang. Takk til Wenche Ø. Kvendset for informasjon og bilete. 

Publisert: 1. oktober 2020, 13:27