Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til Buret på Peøra

Stavgang til Buret på Peøra

Jon Olav Ørsal Fredag 4. oktober 2013

Torsdag den 3. oktober la Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag turen til Buret på P-øra, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. Olaf Ansnes, bestefar til Liv Berit, dreiv i si tid landhandleri i den fine, kvitmåla hovudbygninga. Det var ei godt eigna plassering for ein butikk, sidan vegen da gjekk rett gjennom gardstunet. Denne vegen vart omlagt da brua til Bølandet vart ferdig i 1964. Buret hadde opprinneleg stått som stabbur på på Kvennbøen, og har etter det vart flytta til Bøfjorden vorte påbygd kjøkken og toalett.

Anlegget har i tillegg 2 utleigehytter og flytebrygge med fleire båtar.  Staden blir brukt av både norske, tyske og tsjekkiske turistar, og er svært populær til slutta lag. Frå P-øra la ein del turen utover langs fjorden med Edna Skrøvset som turleiar, medan dei fleste gjekk innover på nordsida av Åsskardfjorden. Etter endt tur fann mesteparten av dei 30 deltakarane plass i 1. og 2. etasje i Buret, medan andre fann ut at dei ville sitte ute i sola og forsyne seg med karbonaden sin. Til slutt fekk alle servert kaffe eller te. Eit hyggeleg vertskap, Ragnhild Ansnes og Liv Berit Ansnes Brusethaug, og god mat gav oss ein flott avslutning på turen.

Bildegalleri frå Bøfjorden og Peøra finn du nedafor.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 4. oktober 2013, 18:38